Skulen og lærebedrifta skal:

  • gi alle elevar og lærlingar/lærekandidatar like gode føresetnader for å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre
    (Oppl.l. § 1-2 og kap. 5 og den generelle delen av læreplanverket)
  • stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane og lærlingane/lærekandidatane
    (Oppl.l. § 1-2 og den generelle delen av læreplanverket)
  • stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking
    (Oppl.l. § 1-2 og den generelle delen av læreplanverket)
  • stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i personleg utvikling og i styrking av eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking
    (Oppl.l. § 1-2 og den generelle delen av læreplanverket)
  • leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/lærekandidatane kan gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid
    (Oppl.l. § 1-2, forskrift kap. 22 og den generelle delen av læreplanverket)
  • fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar
    (Oppl.l. § 1-2 og kap. 5, og den generelle delen av læreplanverket)
  • stimulere, bruke og vidareutvikle kompetansen til den einskilde læraren
    (Oppl.l. kap. 10)
  • medverke til at lærarar og instruktørar står fram som tydelege leiarar og førebilete for barn og unge
    (Den generelle delen av læreplanverket)
  • sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring
    (Oppl.l. kap. 9a)
  • leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen
    (Oppl.l. § 1-2 og forskrift § 3-2)
  • leggje til rette for å trekkje inn lokalsamfunnet i opplæringa på ein meiningsfylt måte