Orientering til ny lærling

Kontrollskjema info til lærling (nedlasting starter automatisk)

Lærlingsamtalar og kurs

Kurs og besøksplanen blir laga i august og gjeld eit år fram i tid. Planane gjev deg som lærling og bedrifta mogleigheit for å planlegge opplæringsåret.

Her finner du besøksplan 19-20 og kursplan 19-20.

Vurdering undervegs

§ 3-12 i forskrift til opplæringlova seier at: lærlingen/lærekandidaten skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling.

Skjema for eigenvurdering og bedriftas vurdering er integrert i systemet MinLogg, som alle lærlingane nyttar.

Lærlingen og bedrifta lagar kvar si vurdering av lærlingen.

Film om halvårsvurdering (ekstern lenke)

Opplæringslogg

Bilbransjens i Sogn og Fjordane har utvikla eigen opplæringslogg, denne finner du her: MinLogg

Kva er formålet med loggen?

  1. Sikre at lærlingen når alle kompetansemåla.
  2. Lærlingen blir godt kjent med innhaldet i læreplanen.
  3. Lærlingen, bedrifta og opplæringskontoret ser kva som manglar av øving, og kan saman finne arbeid som støttar alle læreplanmåla i faget.
  4. Lærlingen får dokumentert kva han/ho har jobba med i læretida, dette er spesielt viktig dersom det blir endring i læreforholdet.
  5. Lærlingen ser kva som manglar, og kan be om meir øving.