Meld deg på i konkurransen om læreplassane våre! Bilbransjen treng rekruttering og folk med fagbrev.

Korleis bli lærling?


Trinn 1:

  • Kvalifiser deg med lite fråvær og gode karakterar på vg1 og vg2. Sett gode spor etter deg når du er utplassert i bedrift.

 Trinn 2:

  • Fyll ut og send søknad om læreplass gjennom www.vigo.no til fylkeskommunen før 1. mars, medan du går på vg2.

 Trinn 3:

  • Sjå etter ledige læreplassar på vår nettside: www.bok-sfj.no
  • Send i tillegg ein søknad med CV til dei bedriftene du vel ut frå nettsida.
  • Møt gjerne personleg opp med søknaden.
  • Send alltid søknaden til fleire bedrifter.