Aldri for seint å starte i bilbransjen

Lars Forsberg og Victor Mettenes • lærlingar i bilfaget, lette køyretøy • Janco Bil Florø

Bli lærling i bilbransjen
Lars Forsberg og Victor Mettenes, lærlingar Janco Bil

Lars Forsberg og Victor Mettenes trivast med å jobbe praktisk med hendene. No tek dei fagbrev i voksen alder.

Lars Forsberg og Victor Mettenes har allereie fleire år i arbeidslivet. Eit ønske om å jobbe med bilar enda med at dei skifta beite. Med tilpassa opplæring og engasjerte hjelparar er dei no lærlingar i bilfaget, lette køyretøy – ein bransje dei ønskjer å jobbe i resten av karriera. 

Victor har prøvd fleire yrke, mellom anna trafikkdirigent og gravemaskinførar. Felles for alle er at dei har med bil og motor å gjere. Eg var klar for eit skifte og sendte inn ein søknad til Janco Bilrep. Eg fekk positivt svar og blei kalla inn på intervju. Det var dagleg leiar sitt forslag å ta fagbrev parallelt med jobb, fortel han. Etter dette blei opplæringskontoret kopla på, og no er Victor lærekandidat. Eg starta som lærekandidat i 2022, og skal i utgangspunktet vere det i fem år før eg går opp til fagprøva. No er det komen nye ordningar som gjer at eg kanskje kan klare det på fire år, og BOK-sfj er i gang med å sjå om det er mogleg. 

Frå offshore til verkstad 

Lars var ferdig på vidaregåande i 1995. Etter dette starta han i oljen og jobba offshore på rigg. Ønsket om å få seg jobb på land kom etter at han stifta familie, og bilfaget var eit enkelt val. Eg har skrudd heile livet og likar å jobbe med hendene, så no får eg utøve gamle kunstar, smiler Lars. Eg skal faktisk ta fagprøva i oktober, så det blir spanande. Parallelt tar eg PKK-kurs slik at eg kan ta EU-kontrollar. 

Ein blir aldri utlært 

Sjølv om dei begge har skrudd nesten heile livet gir utvikling av teknologi nye utfordringar. No er datamaskiner ein viktig ressurs for å gje diagnose på kva som er feil på bilen. Eg likar godt å finne ut kva som er feil på bilar, men når vi er lærlingar er det ikkje alltid ein har nok erfaring til å finne feilen. Då er det godt å vite at ein får ekstra tid til å finne ut av og fikse problema på bilane som kjem inn. Dei andre mekanikarane på verkstaden er flinke til å forklare og vise oss slik at vi blir betre og får meir kunnskap, forklarar Lars. 

Viktig med godt samspel 

Både Janco Bil og BOK-sfj er viktige brikker for at dei no endar opp med fagbrev. Janco oppfordra oss til å ta fagbrev, og opplæringskontoret syt for at det praktiske er på plass for at vi kan gjere det i vaksen alder. Det er eit godt arbeidsmiljø, og her ser vi fram til å jobbe – også med fagbrevet i handa, avsluttar Victor. 

Saka om Lars og Victor er ein del av vårt magasin om lærlingar i bilbransjen. Vil du lese om fleire av lærlingane våre?