Biltalent utan bilerfaring

Vibeke Solheim • vaksenlærling i bilfaget, lette køyretøy • Jølster Bil

Bli lærling i bilbransjen
Vibeke Solheim, lærling Jølster Bil

Vibeke Solheim tok med seg erfaringar frå millitæret og idrettsbana då ho starta som lærling i bilfaget, lette køyretøy. Både ho og dagleg leiar Øyvind Årdal har tatt fagbrev som vaksenlærling.

Eg hadde i utgangspunktet ingen interesse for bil, men eg ville jobbe med noko praktisk, fortel Vibeke Solheim (28). Ho er no vaksenlærling i «bilfaget, lette køyretøy» på tredje året hos Jølster Bil, og i følgje dagleg leiar Øyvind Årdal, eit teknisk talent og ein dedikert bilmekanikar. Det var mamma som tipsa meg om bedrifta, sidan ho kjenner Gudmund Egge, som er ein av innehavarane her, fortel Vibeke. Det var flaks for meg at Øyvind og Gudmund tok sjansen på å sleppe meg til.

Vibeke gjekk idrettslinja på vidaregåande, og reiste så på folkehøgskule, med påfølgande fem år i militæret. Der gjekk ho befalskulen, tok leiarutdanning og jobba med å utdanne nye soldatar. Eg var lei av både jobben og kulda, og vidare studiar var heilt uaktuelt. 

Midt i blinken

Denne jobben her er midt i blinken for meg, smiler lærlingen fornøgd. Dessutan er Skei midt i blinken i livet mitt akkurat no, med mamma i Leikanger, pappa i Førde og bestemor på Sandane. Eg er midt mellom alle mine, og har kort veg til fotball- og handballtrening i Førde. Løysinga med å vere vaksenlærling er eit supert tilbod for folk som vil skifte yrkesretning. Eg starta som hjelpearbeidar for å teste ut faget, og etter i stund var Vibeke og Jølster Bil einige om at dette var vegen å gå. 

Idrett, bil og logisk tenking

Å kombinere idrett og bilmekanikaryrket er heilt topp, er Øyvind og Vibeke skjønt einige om. Når ein kjem på jobb stiv og støl etter gårsdagens hardøkter på bana er det godt å jobbe med bil, der ein får strekt kroppen til alle kantar. Elles skryt Vibeke av eit godt arbeidsmiljø, der ho får utfordrande oppgåver kvar einaste dag. Draumejobben er når det kjem ein bil som må skubbast inn og som etterpå kan køyrast ut igjen av verkstaden. Det er her Vibeke har sin styrke, skyt Øyvind inn. Ho tenkjer logisk og går systematisk til verks for å innsnevre og avdekke feil, og har eit konkurranseinstinkt som gjer ho dedikert til å løyse utfordringar. Ho har rett og slett talent for faget.

Frå befal til mekanikar

Overgangen frå befal til bilmekaniker har gått veldig bra. Eg kom frå eit stort miljø der eg var ein av mange. Her er ein meir verdifull, og det påverkar mykje meir dei andre på jobb om ein er vekke ein dag. For oss i Jølster Bil har det utvilsamt ein ekstra verdi å ha ein vaksen lærling. Ein 28-åring med erfaring frå arbeidslivet har med seg litt anna bagasje enn ein 18-åring rett frå skulebenken. 

Satsar på lærlingar

Øyvind fortel at Jølster Bil alltid har vore opptatt av å ta inn lærlingar sidan oppstarten på 90-talet. For oss er det ein god måte å rekruttere nye medarbeidarar. Samarbeidet med BOK-sfj er avgjerande både for bedrifta og lærlingane. Både vi og lærlingen kjenner oss trygge på at vi kjem gjennom det vi skal, og i tillegg tilbyr dei mange ulike kurs og samlingar for lærlingane. Har vi spørsmål, så er det berre å ringe til BOK-sfj. Elles så skjer mykje av oppfølginga via «MinLogg», som er eit genialt verktøy å samhandle gjennom.

Vibeke Solheim, lærling Jølster Bil

Saka om Vibeke er ein del av vårt magasin om lærlingar i bilbransjen. Vil du lese om fleire av lærlingane våre?