Bilteknikar i ung alder
Kristoffer August Vereide • bilteknikar • Frydenbø Bil Sandane
Den unge bilteknikaren har varierte arbeidsdagar – alt frå vanskeleg feilsøking til byting av bremseskiver.
Kristoffer August Vereide (24) har den høgaste utdanninga av dei som skrur på bil, nemleg teknikar. Det er ganske unikt i ein alder av 24, og han er truleg ein av dei yngste i Noreg som har denne tittelen.
Kristoffer blei fagarbeidar i lette køyretøy juni 2020. Etter dette har han tatt 36 ulike kurs, både fysisk og digitalt, for å bli bilteknikar. I oktober 2024 kunne han endeleg feire og tilføye bilteknikar på CVen.
Finn ut kva som er gale
Som bilteknikar er eg inne på dei vanskelegaste sakene på reperasjon. Eg utfører feilsøking for å finne ut kva som kan vere feil med bilen, og slår fast kva delar som må skiftast for at bilen skal bli i orden. Det er ein viktig jobb som syt for at kunden ikkje får unødvendig dyre reperasjonar og at vi berre bytar dei delane som er slitne, seier Kristoffer.
Tek utfordringa på strak arm
Kristoffer utmerka seg frå byrjinga av, og fekk tilbod om fast jobb tidleg i læretida. – Vi såg eit potensiale i Kristoffer og utfordra han på om han ville ta utdanning for å bli bilteknikar. Han tok utfordringa på strak arm. Det er ikkje vanleg for så unge å ta utdanninga for å bli bilteknikar, og Kristoffer er truleg ein av dei yngste i Noreg. Det er stas å ha unge i staben som står på og vil lære, seier ein fornøgd dagleg leiar Jo Inge Solberg.
Bil i blodet
Skruing på bil er ein interesse han har hatt lenge, og på 15-årsdagen fekk han ein bil i gåve av broren. Det vart mange timar med skruing og reperasjonar for å få bilen i stand, smiler Kristoffer. Etter dette byrja han på bilmekanikarfaget og deretter var han lærling på lette køyretøy hos Frydenbø Bil Sandane. No er han fast tilsett i bedrifta – og han har tenkt å bli.
Oppdatert til ei kvar tid
Med mange elektriske bilar på marknaden har også mekanikaryrket endra seg. På grunn av tryggleik treng ein kurs i høgvoltspenning og batteri for å kunne utføre jobbar på ein elektrisk bil. Gjennom teknikarutdanninga har Kristoffer fått på plass dei sertifiseringane han treng for å kunne gjere dette. Det er litt jobb med å halde seg oppdatert, og eit krav for å oppretthalde teknikarrolla, men på same tid er det kjekt. Så skadar det heller ikkje at løna som teknikar er god, smiler den unge teknikaren.

Gjer livet lettare for mekanikarane og kundane