Får bilane til å skine igjen
Gjertrud Liabø Thorsen // Kim Kvalsvik • Bilskadesenteret i Førde
For Gjertrud Liabø Thorsen (21) frå Dale, var det litt tilfeldig at ho enda i Bilskadefaget. No er ho andre års lærling hos Bilskadesenteret i Førde, og snart klar for fagbrev. Lustringen Kim Kvalsvik (20 år), som snart er ferdig utdanna billakkerar seier og at valet var veldig tilfeldig. Eigentleg hadde eg elektro som første val, men så gjekk eg for TI (Teknologi- og industrifag) – for det passar når ein ikkje veit heilt kva ein vil.
Gjertrud og Kim har begge planar om eit nytt fag, og her vil dei krysse kvarandre. Gjertrud som snart er klar med fagbrev i bilskadefaget vil bygge på med billakerarfaget, og Kim som starta med billakkerarfaget vil gå vidare til bilskadefaget.
MIKS AV TEKNOLOGI OG DESIGN
Gjertrud fortel at ho ikkje hadde høyrt om faget ho valde, då ho starta på TI. Planen til jenta frå Fjaler var fjell og bergverk, men på grunn av ein skade vart det eit år med design på VG2. Det vart for stillesittande, smiler ho. Dermed kom bilskadefaget opp som eit freistande tilbod. Det er jo ein god miks av TI og design – for meg har det aldri vore aktuelt med teoretiske fag.
LIKAR Å JOBBE MED HENDENE
Det eg likar aller best med desse to faga – oppretting og lakkering – er at eg frå bruke hendene. Det er jo nesten litt kunst å klare å gjenopprette ein bulka profil. Med billakkering reknar Gjertrud med å få drive med endå meir handarbeid, og kanskje få bruke sine kreative sider med motivlakkering etter kvart.
SKULELEI OG USIKKER PÅ VAL AV FAG
Kim fortel at han valde TI utan å vite kva han ville vidare. På VG1 hadde eg utplassering her og synes at billakkering såg veldig spennande ut. Etter 2 år i lære er fagbrevet like om hjørnet, og billakeraren frå Luster har litt fleire planar framover enn det han hadde då han starta på vidaregåande. I 10. klasse var eg veldig skulelei, og ville gjere alt anna enn å sitte i ro. Praktiske fag passa meg fint.
VIL BLI FAGLÆRAR
No er planen min er å bli yrkesfaglærar i bilskade, lakk og karosseri. Difor har eg bestemt meg for å ta fagbrev i bilskadefaget, smiler han fornøgd. Fagbrev i begge faga gir meg både formell utdanning og viktig kunnskap. Det er ein stor fordel at lærarane har erfaring frå yrka, slår han fast.
TEST UT FAGET
Gjertrud og Kim er samstemte om at folk må prøve ut faga, ja om dei lurer på om dette er noko for dei. Ta kontakt med ei bedrift og spør om du kan få teste det ut. Her kan du anten vere handlangar i ein utplasseringsperiode – eller om du er heldig får du deg ein sommarjobb. Bedriftene er heilt sikkert positive, seier dei to. Elles er opplæringskontoret viktig, meiner dei. Via bilbransjen sitt opplæringskontor (bok-sfj.no) får ein gode tips, råd og hjelp til praksis- og læreplass. Dessutan er dei viktige når vi er lærlingar, med fast oppfølging og sosiale samlingar.
ALDRI SLUTT PÅ BILBULKING
Dag Arve Savland på Bilskadesenteret i Førde fortel at dei legg vekt på å sleppe ungdommane til, for å prøve seg i faget. Oppretting og billakkering er to svært viktige fag, og det ser ikkje ut til at det minkar på arbeid, smiler den daglege leiaren. Tidlegare fekk vi inn mykje bilskadar i vinterhalvåret – men no er det full rulle heile året. Bilane blir breiare, medan vegane og parkeringsplassane er slik dei har vore.
TA KONTAKT OG PRØV UT FAGET
Det er ikkje til å legge skjul på at biloppretting og billakkering er travle og hektiske jobbar.
Men ungdommane har mykje energi, og vi tar i mot dei med opne armar, smiler bilskadesjefen. Han er einig med ungdommane i at det er viktig å teste ut faget, og oppfordrar dei til å ta kontakt.