Født med skiftenøkkel i handa
Andrine Hagheim • lærling bilfaget – lette køyretøy • Trucknor Årdalstangen
Andrine Hagheim er ikkje redd for å ta i eit tak når ho reparerer bilar.
Eg har skrudd sidan eg var fødd, smiler Andrine Hagheim (20), som er andre års lærling i bilfaget, lette køyretøy hos Trucknor Årdalstangen. Ho gjekk Vg1 på TIF-linja på Årdal vgs. og tok Vg2 Køyretøy i Sogndal året etter. No er ho godt fornøgd med å vere tilbake i heimbygda for å skru på person-og varebilar. Om det trengs tek ho gjerne eit tak på dei større bilane også.
Eg har vakse opp med skruing, og ein far som alltid har drive med motorsyklar og bilar. No får eg jobbe med den store hobbyen, det passar meg perfekt. Andrine fortel at ho på fritida mellom anna er med og skrur på roadracing, som er ei konkurransegrein for motorsyklar, med stor fart på asfaltbane.
Spennande jobbkvardag
Det er spennande med motorsyklar, men det er også spennande å jobbe med bilar på Trucknor. Vi veit eigentleg aldri kva som ventar oss neste dag på jobb. Nokre gonger kjem det inn ein hastejobb, andre gonger kan det vere skifte av kløtsj eller ein bil som ikkje vil starte – der vi må leite etter feilen. Bilmekanikarar må vere fleksible og tilpasse seg ulike oppdrag. Det likar eg.
Kreativt arbeid
Vi jobbar mykje med diagnose og elektroniske målingar, fortel den unge lærlingen. Eg har nok ein fascinasjon for det meir mekaniske, men det er veldig kjekt med variasjonen i dette yrket. Både små og store jobbar er kjekke, og eg lærer utruleg mykje her, kvar einaste dag. Det er viktig å vere kreativ, og finne alternative løysingar – og på den måten finne ut kva ein kan få til.
Nye utfordringar
Sjølv om Andrine likar å skru på motorsyklar og gamle bilar, synes ho det er veldig spennande med dei elektriske bilane som overtek meir og meir av arbeidet på verkstaden. Det er kjekt å bli utfordra på ny teknologi – og måtte tenke nytt.
Saka om Andrine er ein del av vårt magasin om lærlingar i bilbransjen. Vil du lese om fleire av lærlingane våre?

Ungdommen skal få utdanninga si lokalt