Gjer livet lettare for mekanikarane og kundane
Emma Oppedal • 2.-års lærling • Toyota Nordfjord og Førde avd. Måløy
Jobben min er først og fremst å gjere livet lettare for dei som jobbar på verkstaden, fortel Emma Oppedal (19), som er 2.-års lærling i reservedelsfaget. Vi møter Emma på varelageret hos Toyota i Måløy, der ho har full oversikt over delar som kjem inn og skal vidare til verkstaden eller kundar.
Dette er noko som passar ho perfekt, sidan ho er både strukturert og glad i å halde orden og system i sakene. Dessutan veit eg at jobben eg gjer er viktig for dei andre som jobbar her, kundane våre og leverandørane våre. Eg har alltid vore interessert i bil, men planen var eigentleg å bli frisør, smiler ho.
Orden og system
Familien min fekk nok litt sjokk då eg valde å satse på bilfaget. Første året på Måløy vgs. gjekk eg på Teknologi- og Industrifag (TIF) og andre året valde eg køyretøy. Etter at eg var utplassert på varelager og kundemottak skjønte eg kva veg eg ville gå. Her får eg bruke evna til å halde orden og finne fram dei rette delane til rett bil eller kunde.
Klargjer delar og utstyr
Arbeidsdagen min startar typisk med at eg får oversikt over kva som skal skje på verkstaden. Då er det min jobb å finne fram dei rette delane, slik at mekanikarane kan komme og hente ein kasse med ferdigplukka delar til bilen dei skal jobbe med. Kundebehandling er ein annan viktig del av jobben, fortel Emma. Eg svarar på telefonar frå kundane og hjelper dei så langt eg kan med å skaffe dei det som trengs av delar og utstyr.
Varemottak
Medan vi snakkar med Emma kjem det plutseleg ein varebil med delar. Då er lærlingen i sitt ess. Det som står litt kaotisk på pallar utover golvet skal sorterast og få sin rette hylleplass. Ein viktig del av jobben min er å bestille inn delar, ta i mot og systematisere dei slik at det er lett for meg og verkstadfolka å finne dei.
Fornøgde kundar
Som lærling får Emma utvikla både teknisk kunnskap og ferdigheiter i kundebehandling. Ho lærer kor viktig det er å vere nøyaktig og hjelpsam, og ho ser kor mykje som heng saman bak kulissane i ein bilbutikk eller på ein verkstad.
For Emma er det ikkje berre viktig å finne den rette delen – ho vil også at kundane skal vere fornøgde og få god hjelp.
Satsar på logistikk
Til våren skal Emma ta fagbrev i reservedelsfaget, men ho har ambisjonar om vidare utdanning etter det. Planen min er å studere logistikk frå neste haust. Eg stortrivast her, men tenker det kan vere godt å reise litt vekk – og så likar eg veldig godt å jobbe med økonomi, logistikk og vareflyt. Fagbrev i reserve-delsfaget er eit godt grunnlag for vidare studiar i fleire retningar, avsluttar Emma fornøgd.
Emma har full kontroll på kva som er i dei ulike boksane på delelageret og sørger for at dei rette delane kjem til rett bil eller kunde.

Stilig yrke – med moderne teknologi