Skal lage undervisningsopplegg for elevane
Thomas Einen er opplæringskonsulent på lette køyretøy hos BOK-sfj, og meiner det er viktig at opplæringa heng med i utviklinga. Bil er for dei fleste den nest dyraste materielle eigedommen dei har. Når vi no får ein splitter ny bil i hus, så skal vi vere eit eksempel for ungdommane på korleis dei behandle bilane som kjem inn på verkstaden, fortel han.
Han er også spennklar no som bilen er komen i hus og dei endeleg kan finne ut korleis bilen kan brukast best mogleg i opplæringa. Planen er å demontere bilen for å lage ulike stasjonar til undervisning. Her skal lærlingar og elevar få prøve seg med reparasjon og vedlikehald.
Eg har vel sånn sett gått rundt og trippa i nokre veker og tenkt mange tankar på korleis bilen kan brukast. No er eg berre veldig glad for å få den i hus, og gler meg til å demontere den etter kvart, ler Thomas.
Erfaring og kompetanse på plass
Vi har også kompetansen som trengst for å få mest mogleg ut av den nye opplæringsbilen. Opplæringskonsulent Inge Jeppesen har tidlegare jobba på Auto 8-8 i Florø og er Ford Master-teknikar. Han har god kunnskap om korleis bilane er bygde, og her er også Ford med på å vidareformidle viktig kunnskap.
Ford er ikkje berre generøse med å dele ut opplæringsbilar. Dei leverer også ut dei interne lærebøkene om bilen, med all informasjon om korleis bilen fungerer. Det gjer det enklare for oss å finne ut korleis vi kan bruke bilen best mogleg i opplæringa, fortel Inge.
Vi i BOK-sfj takkar så mykje for bilen og gler oss til å ta den i bruk i opplæringa. Med bilen får lærlingar og elevar moglegheit til å bli kjent med den nyaste teknologien i bilbransjen. Det er verdifull erfaring å ha med seg vidare ut i arbeidslivet.