Skrur frå morgon til kveld

Fredrik Leirdal Henden • lærling i bilfaget, lette køyretøy • Opus Førde

Bli lærling i bilbransjen
Fredrik Leirdal Henden, lærling hos Opus Førde

Fredrik Leirdal Henden er tidlegare utdanna agronom. No har han skifta beite og er lærling i bilfaget, lette køyretøy.

Mellom garasjejekkar, pipenøkkelsett og muttertrekkarar er Fredrik Leirdal Henden i full sving med å tette vasslekkasje på ein MG. Eg har alltid likt å ta det som har hjul og motor frå kvarandre og skru dei saman igjen. No er han 2. års lærling i bilfaget, lette køyretøy hos Opus i Førde, men han tok ein omveg for å komme dit.

No har eg tatt alt av interiør ut av bilen til skalet står att for å finne og tette lekkasjen. Det er nokre delar som har fått vasskade og dei må bytast ut eller fiksast før dei blir montert. Denne måten å jobbe på er noko av det kjekkaste eg veit, så dette passar meg ypperleg, seier Fredrik.

Alt som kan skruast på er kjekt

Eg er vaksen opp på gard, og er vant med at når noko blir øydelagt så må ein fikse det sjølv. Frå eg var liten har eg skrudd på bilar, motorsyklar og traktorar – enkelt og greitt alt som kan skruast på er kjekt. Linjeval for vidaregåande var påverka av gardslivet og han flytta frå Luster i Sogn til Vestfold for å gå på agronomlinja der. I tre år jobba han som agronom, men no har han skifta beite.

Spreke samarbeidspartnarar

Då sambuaren starta på sjukepleien i Førde, vart Fredrik med på lasset og trengte jobb. Han ringte Bilbransjens opplæringskontor Sogn og Fjordane for å høyre om det var bedrifter som trengde fleire folk. Fredrik fekk ei liste frå opplæringskontoret, og den første bedrifta han ringte var Opus. Dei tok i mot Fredrik med opne armar og no er han tilsett som hjelpearbeidar og tar fagbrev på same tid.

Det var under ein rutinesamtale med BOK-sfj og Opus at eg ymta fram på om at eg ville ta fagbrev. Opplæringskontoret var fort på ballen og heiv seg rundt for å få på plass det praktiske slik at eg kunne starte som lærling. I tillegg ordna dei med å redusere læretida mi med eit halvt år ved å vise til tidlegare kompetanse, fortel han.

Mange skruprosjekt i garasjen

Å skru på bil er ikkje berre ein jobb for Fredrik, det er også ein hobby. Heime i Luster er garasjen fylt med køyretøy som han tar frå kvarandre og skrur saman igjen. Nokre køyretøy vert seld etter restaurering og nokre blir i Fredrik si samling. Når eg ikkje har det utstyret eg treng for å gjere jobben heime i Luster, får eg lov å ta med meg bilen hit til Opus og skru etter stengetid. Det er kjekt å ha ein arbeidsgjevar som legg til rette for at både utdanning og hobby blir teken vare på, avsluttar Fredrik.

Fredrik Leirdal Henden, lærling hos Opus Førde

Saka om Fredrik er ein del av vårt magasin om lærlingar i bilbransjen. Vil du lese om fleire av lærlingane våre?