Stilig yrke – med moderne teknologi

Jakob Larsen • 2.-års lærling • Toyota Nordfjord og Førde avd. Måløy

Bli lærling i bilbransjen

Jakob Larsen synest at bilmekanikar verka som ein stilig jobb, og enda opp som lærling i faget hos Toyota i Måløy.

Jakob Larsen (19) er 2.-års lærling i bilfaget lette køyretøy på Toyota i Måløy. Han trivast godt og håper å få jobb der etter at han har tatt fagbrevet til sommaren 2025. Jakob har alltid vore interessert i motorar, men valde bil framfor båt.

Far min er maskinist på båt, men det blir for varmt for meg å jobbe i eit motorrom, smiler Jakob. Eg har alltid likt bilar og motorar, utan at eg har vore bestemt på å ha det som yrke. Han starta med Teknologi- og industrifag (TIF) på Måløy vgs., og etter utplassering på bilverkstad, så gjekk vegen vidare til Vg2 køyretøy.

Kjekt fag og kjekke folk

Eg tenkte at bilmekanikar var ein stilig jobb – litt tøft rett og slett. Jakob er veldig godt fornøgd med val av yrke, sjølv om det var litt tilfeldig. Det viktigaste er likevel at eg jobbar i lag med veldig kjekke folk. Det er eit godt miljø her, og eg får ein variert arbeidsdag i lag med flinke rettleiarar.

Kundane bestemmer arbeidsdagen

Når vi spør Jakob om ein vanleg arbeidsdag, svarer han:

– Det kjem an på kva bilar vi får inn på verkstaden. Nokre dagar er det reparasjonar, andre dagar er det vedlikehald. Men eg kan ikkje ta ansvar for EU-kontroll før eg har fagbrevet. Elles passar både verkstaden her og Bilbransjens opplæringskontor (BOK) på at eg får prøve meg på alt som må til for å ta fagbrev som bilmekanikar, lette køyretøy.

Ny teknologi på bilane

Jakob er glad i bil, men han påpeiker at det ikkje berre handlar om å skru på motoren. I dag er det mykje elektronikk og fleire el-bilar. Derfor er det viktig å finne feilen og stille ein diagnose før ein startar jobben med å reparere.

– Det er eit spennande og stilig yrke, der ein alltid må vere oppdatert på ny teknologi, seier Jakob. Lærlingen frå Måløy satsar på å fortsette som bilmekanikar etter fagbrevet, og håpar på å bli verande på Toyota.