Syt for reine bilar

Håvard Pedersen • fagarbeider bilpleie • Frydenbø Bil Sandane

Bli lærling i bilbransjen

Håvard syt for at bilane er reine og klare før sal.

I bilpleiehallen på Frydenbø Bil Sandane finn du Håvard Pedersen (24). Han er den første i Sogn og Fjordane som har tatt fagprøve i bilpleiefaget gjennom eit ordinært løp. – Det er noko eige med å forvandle bruktbilar som er ruskete og skitne til strøkne bilar, seier han.

Hovuddelen av jobben min er å gjere bilar klar for sal. Her behandlar eg både nye og brukte bilar, alt etter kva salsavdelinga har selt eller tatt inn. Bilane skal behandlast både innvendig og utvendig, og jo nærmare dei ser ut som nye, jo betre, fortel Håvard.

Vasking, svamping og polering

Bilpleiefaget tar for seg bilen innvendig og utvendig. Her skal bilen vaskast og polerast utvendig for å fjerne striper i lakken, innsida skal rensast og småskadar skal reparerast. Når ein jobbar med fleire ulike materiale som stoff, skinn og lakk må dei behandlast forskjellig med ulike reingjeringsmidlar.

Det er kjekt å få inn bruktbilar med striper i lakken, som ser litt ruskete ut, og deretter forvandle dei til ein strøken bil med polering og vask. Det er ein del jobb og det er viktig å være nøyaktig, spesielt når ein polerar. Det fine med polering er at ein kan få vekk små striper og feil i lakken. Men ein må vere nøyaktig og forsiktig slik at ein ikkje polerar for mykje. Då kan lakken forsvinne og ein må inn med billakkerar, forklarar han engasjert.

Første i ordinert løp

Når Håvard starta på studieløpet, eksisterte ikkje bilpleiefaget som ei fagutdanning i Norge, og han trengte hjelp med å finne eit fagløp som passa. Saman med Bilbransjens opplærlingskontor Sogn og Fjordane fann dei heldigvis ei god løysing, slik at Håvard fekk starte på ei fagutdanning før den fantes. Dette var litt risikosport, men i dag er alle partar glade. Han er den første lærlingen som har fullført fagprøve i bilpleiefaget gjennom ordinært løp i Sogn og Fjordane. No vil han fokusere på å lære enda meir om bilpleie. I framtida ønskjer Håvard å ta fleire kurs slik at han kan reparere skinn og bilruter.