Ta dine eigne val
Live Bolstad Skartun og Emma Valvik Yttri • 1. og 2.-års lærlingar • Frydenbø Sogndal
Vi møter to smilande jenter mellom bilar og oljelukt i Frydenbø sitt nybygg i Sogndal. Dei arbeidskledde lærlingane med lange lyse fletter og svarte flekkar i fjeset er 1.- og 2.-års lærlingar i faget lette køyretøy. Live Bolstad Skartun (18) og Emma Valvik Yttri (19) har begge fått inn bilinteressa frå foreldra, men at dei skulle velje det som yrkesveg var ikkje like populært i heimen.
Pappa er bilmekanikar på tunge køyretøy, seier Emma – og begge mine foreldre har bakgrunn frå Mesta og Statens vegvesen, fortel Live. Likevel møtte begge dei to jentene motstand på heimebane i yrkesvalet, som begge er overbevisste om er ein sikker og interessant jobb.
KRANGEL MED MAMMA
Emma fortel at ho eigentleg skulle søke seg inn på studiespesialisering, sjølv om det var yrkesfag som lokka mest. Mamma og eg hadde ein krangel om noko heilt anna, og to minutt før fristen gjekk ut bytta eg frå studiespesialisering til TIP, fortel Emma med ein flir. Det var ikkje populært!
Spesielt alle damene i familien var veldig negative – men no er dei faktisk stolte. Kommentarane er stort sett «Så tøft!»
BIL OG POLITI
No er eg faktisk i gang med studiespesialisering ved sidan av å vere lærling, fortel Emma. Då er valet ope om eg ein gong ønskjer å studere. Eg har litt lyst til å gå i bestefar sine fotspor, og bli politi. Ho brukar mykje tid på trening, og det er nyttig og nødvendig både som bilmekanikar og politi. Eit fagbrev og praktisk erfaring er nyttig å ha i botn, uansett kva ein endar opp med, meiner 2.-års lærlingen.
BETRE Å STELLE BILAR ENN FOLK
Live kan heller ikkje takke mora for at ho enda opp på bilfaget. Eg likar praktisk arbeid og er veldig glad i å prate med folk. Mamma, som er sensor hos biltilsynet, meinte eg burde ta helsefag.
Eg har funne ut at det er betre å stelle bilane til folk enn å stelle folka, ler Live. Eg får likevel sjansen til å prate med kundane.
BIL OG PRAT
Etter fagbrevet kan eg godt tenke meg å ta lastebillappen, og på sikt er det ikkje umogleg at eg blir trafikklærar eller sensor. Eg skal i alle fall aldri jobbe på kontor, slår Live fast. Ein jobb der eg får kombinere bil og prat er det ideelle, og no er det fagbrevet som har fokus hos meg.
GODT ARBEIDSMILJØ
Begge dei to lærlingane meiner det er koseleg å jobbe med stort sett berre mannfolk. Dei snakkar på ein litt anna måte enn damene, og torer å seie ting rett ut – og så køddar dei med ting. Vi trur dei tek litt ekstra vare på oss, for vi får ofte spørsmålet om det går bra med oss. Elles i bedrifta er det to andre damer, i resepsjonen og på delelageret. Dei er gode å ha, er dei to samstemte om.
PRØV FAGET
Emma og Live oppfordrar ungdommar til å prøve ut faget. Jobbveka i 10. klasse er ein god anledning til å vere på ein bilverkstad, elles har ein andre sjansar til utplasseringar både på ungdomsskulen og vidaregåande. Ein bør rett og slett prøve. Mange jenter trur nok at gutane er flinkare enn dei i dette faget, fordi dei har vore med å skru frå dei var små. Sanninga er at ein lærer aller mest i lærlingtida. Det er då alle lærer mest, uansett om ein er gut eller jente. Og så er det viktig å vere aktiv og spørje og grave, avsluttar dei to lærlingane hos Frydenbø Sogn.
Live Bolstad Skartun er 1.-års lærling hos Frydenbø Sogn.
Emma Valvik Yttri er 2.-års lærling hos Frydenbø Sogn.