Ungdommen skal få utdanninga si lokalt
Steinar Hellebø. • avdelingsleiar • TruckNor Årdalstangen
Steinar Hellebø er opptatt av lokal rekruttering og satsar på unge som vil inn i bilfaget. Her med lærlingane Andrine Hagheim, Alexander Fredheim og Fredrik Navelsaker.
Hos Trucknor på Årdalstangen er dei opptekne av å rekruttere ungdommar som er interesserte i faget. Når det er ungdommar her i nærområdet som vil jobbe med bil, så legg vi til rette for det, seier avdelingsleiar Steinar Hellebø.
Det er viktig at alle som vil får seg læreplass lokalt, og det er viktig for oss å få tak i lokale ungdommar som vil jobbe med faget her. For oss i Trucknor handlar det om å rekruttere nye bilmekanikarar, og å vere med og forme framtidas medarbeidarar. Vi er tolv tilsette og har for tida tre lærlingar i verkstaden. Det er positivt å ha ei god blanding med erfarne folk og unge nysgjerrige lærlingar som ønskjer å lære.
Store lokale kundar
Vi er avhengig av å få inn lærlingar, og ungdommar som vil gjere ein god jobb. Verkstaden her er ein bra stor arbeidsplass i vårt område, og vi gjer ein viktig jobb for bedrifter og privatpersonar rundt oss. Trucknor Årdalstangen er samlokalisert med Hydro Aluminium, og har vedlikehaldet på alle bilane til det lokale «verket». I tillegg har vi vedlikehaldet på bussane til Tide Sogndal, og mange private kundar. Difor har vi lærlingar i både bilfaget, tunge køyretøy og bilfaget, lette køyretøy.
Fagleg påfyll
Steinar legg vekt på at samarbeidet med BOK-sfj, er avgjerande for å sikre lærlingane og andre tilsette rett og tidsriktig kompetanse. Opplæringskontoret arrangerer kurs og samlingar for lærlingane og bedriftene, slik at vi er oppdatert på nye ting. Dei elektriske bussane kjem for fullt frå 2026, og då er det viktig at vi kan det som trengs.
Trygg arbeidsplass
Å jobbe med bil er ein trygg og framtidsretta arbeidsplass, så lenge vi held oss oppdatert på ny teknologi og har fornøgde kundar, avsluttar avdelingsleiaren, som er opptatt av å ha eit ungt og friskt arbeidsmiljø. Det er ekstra stas at vi etterkvart har fått jenter inn på arbeidsplassen, det verkar og positivt inn på arbeidsmiljøet.
Saka om Steinar og lærlingane i Årdal er ein del av vårt magasin om lærlingar i bilbransjen. Vil du lese om fleire av lærlingane våre?

Aldri for seint å starte i bilbransjen