Fagprøva er ei stor hending
Leif Einen og Stian Sølvberg • fagansvarleg • Toyota Førde og Frydenbø Førde
Leif Einen og Stian Sølvberg • fagansvarleg • Toyota Førde og Frydenbø Førde
Den dagen lærlingen fekk fagbrevet og sa at å få denne sjansen «betyr alt», fekk eg ei tåre i augekroken, seier Leif Einen.
Å sjå utviklinga til lærlingane er givande. Første dagen lærlingane kjem inn døra er dei usikre på seg sjølve, og gjennom lærlingtida ser vi utvikling på personleg nivå og kunnskapsnivå. Den dagen lærlingane får fagbrevet er dei rake i ryggen og trygge på seg sjølve, seier Stian Sølvberg.
EIN BRANSJE Å UTVIKLE SEG I
Mange assosierer bilverkstad med oljesøl og skit på hendene. Bilbransjen har utvikla seg mykje, no slepp ein den fysiske påkjenninga det ein gong var. Alle kan oppnå fagbrev innan bilfaget så lenge ein er nysgjerrig og har interesse for det, seier Leif Einen.
Eit fagbrev gir uendelege moglegheiter. Etter 4 års erfaring etter fagbrev kan ein bli teknisk leiar, som er ansvarleg for verkstaden. Ein kan også ta kurs for å bli PKK-kontrollør, som tar seg av EU- kontroll på lette og tunge køyretøy, samt traktor. Vi har fleire hos oss som starta med fagbrev, og som har jobba seg oppover i leiarstillingar.
Det at ein har fagbrev i botn og erfaring med korleis det er å jobbe i verkstaden er ein kjempefordel når vi er på jakt etter nye leiarar, seier Sølvberg.
Eit fagbrev gir uendelege moglegheiter, seier Stian Sølvberg.
FLEIRE VEGAR TIL FAGBREV
Ein treng ikkje alltid gå den tradisjonelle vegen for å få fagbrev. Dei fleste går løpet med to år på skulebenken og deretter to år som lærling. Gjennom NAV tek vi også inn personar som av ulike grunnar ikkje er i jobb og lar dei få prøve om dette er noko dei trivast med. Deretter kan dei få tilbod om lærlingplass og få fagbrev på 3 – 3,5-års lærlingtid.
Ein av dei beste lærlingane eg har hatt kom til oss på denne måten. Den dagen lærlingen fekk fagbrevet og sa at å få denne sjansen «betyr alt», fekk eg ei tåre i augekroken, seier Leif Einen.
OPPLÆRINGSKONTORET ER EIN VIKTIG MEDSPELAR
BOK-sfj er viktig for oss. Dei hjelper oss med å sikre at lærlingen har den obligatoriske opplæringa og kursa dei treng til fagprøve. Slike aktørar gjer at også små bilverkstader kan ta inn lærlingar og utdanne fleire mekanikarar. Dersom vi har tilsette som ønskjer å heve kompetansen tilbyr opplæringskontoret kurs regelmessig og lokalt. Dette går fordi ein samarbeider på tvers av forhandlarane, avsluttar Sølvberg.