Det er aldri for seint å ta fagbrev
Jan Frode Kvamme og John Osvik • motorsykkelfaget • Kveen Motor
Jan Frode Kvamme og John Osvik • motorsykkelfaget • Kveen Motor
I Stryn finn du serviceverkstaden Kveen Motor og dei to lærlingane John Osvik og Jan Frode Kvamme. Dei er dei einaste lærlingane i motorsykkelfaget i gamle Sogn og Fjordane og starta på fagbrev etter mange år i bilbransjen.
Eg har jobba hos Kveen Motor i 4 år, og fekk tilbod om «fagbrev på jobb». Det betyr at vi kan få tilbod om lærekontrakt utan å ha gått den tradisjonelle studievegen. Sidan vi har ulik bakgrunn og kompetanse er det litt tilpassing i opplæring. Då går BOK-sfj og arbeidsplassen saman, og skreddarsyr ein plan fram mot fagbrevet, seier Jan Frode.
Jan Frode har jobba hos bedrifta sidan 2020. Då arbeidsplassen spurte om han ville vere med på «fagbrev på jobb»-ordninga, takka han ja. Han har bestått fagprøva, og kan kalle seg motorsykkelmekanikar.
VARIASJON I ARBEIDET
Når vi spør karane kva dei gjer i løpet av ein arbeidsdag er svaret klart:
«Kva er det vi ikkje gjer!»
Det er ein stor variasjon i arbeidsoppgåver og køyretøy. Her mekkar vi på ATV-ar, vannskuter og snøskuter. Vi gjer alt relatert til skruing på køyretøya, anten det er service, vedlikehald, reparasjon, klargjering eller feilsøking. Det er ein kjekk jobb, seier John som no er lærling i motorsykkelfaget.
FIKSAR HAVARERTE KØYRETØY
Den kjekkaste jobben er å fikse ATV-ar som har krasja. Når dei kjem inn er dei bulkete og ikkje i stand til å køyre ein centimeter. Det er ei skikkeleg utfordring og ein jobb vi gjerne må bruke fleire dagar på. Når ein då får dei i god stand igjen er det kjekt, seier Jan Frode.
Behovet for fleire lærlingar og mekanikarar i motorsykkelfaget er sterkt. Kveen Motor har hatt lærlingar heile vegen i ulike fag – frå mekanikarar i lette og tunge køyretøy til sal og service og anlegg.
Det er ei god bedrift å vere lærling i. Vi har ein fagleg leiar på huset som følger oss opp, og BOK-sfj er ein god samarbeidspartnar på fagkompetanse, opplæring og eksamen. Om du er nysgjerrig på ei utdanning innan bilbransjen er det mange moglegheiter, og det er aldri for seint å utdanne seg, avsluttar dei.
Behovet for fleire lærlingar og mekanikarar i motorsykkelfaget er sterkt.