Frå idrett til billakk
Lilly Christensen • 3.-års lærling • Skadesenteret Sogn på Kaupanger
Lilly Christensen tar seg av det som ofte er siste finish på ein bil som har vore skada. På Skadesenteret Sogn på Kaupanger er ho 3.-års lærling i faget billakkering.
Eg har alltid vore interessert i bil, sidan eg var lita, smiler Lilly. Likevel tok det litt tid før ho satsa på denne utdanninga.
20-åringen frå Valdres starta utdanningsløpet sitt på idrettslinja i heimtraktene, men fann ut at det var bil ho burde satsa på. Eg bestemte meg likevel for å fullføre idrettslinja, fordi det er betre enn å droppe ut. Lilly fortel om ein gammal draum om eigen verkstad. Då eg fekk min eigen bil som 18-åring var eg sikker på at det var denne retninga eg skulle satse på. Eg har mange vener i bilmiljøet, og det var ekstra kjekt å få sin eigen bil til å skru og fikse på.
Parallell til Rådebank
Det er lett å dra parallellen mellom Lilly og Hege Husby i den populære NRK-serien Rådebank. Akkurat som rollefiguren Hege har Lilly mange gutevener i bilmiljøet, og ho vil gjerne lære seg motivlakkering. Eg har prøvt det litt, og eg har avtale om eit privatkurs – det gler eg meg til.
Mange prosessar
Til dagleg blir det mykje opplakkering av skada bilar, og det er mange prosessar og detaljar som må passast på for å få eit godt resultat. Det er veldig kjekt å sjå resultata, når alle skadar er retta opp og bilen skin i lakken. På Skadesenteret i Sogn er dei to kvinnelege billakkerarar. Det er bra seier Lilly, men synes elles at det fungerer godt å jobbe i eit mannsdominert fag.
Ho satsar på å få fagbrevet som billakkerar på plass etter 3 år i lære – og no er eg cirka halveges smiler ho fornøgd.

Større bilar = større utfordringar