Yrkes-NM gjekk av stabelen i Stavanger, første veka i april. Med to lærlingar og to dommarar frå Sogn og Fjordane, var det spennande dagar.
MEDALJEPLASS TIL LILLY
Lilly Christensen, som er lærling hos Bilskade- senteret Sogn, konkurrerte i billakkerarfaget. Med 9 andre deltakarar i hennar klasse, er det stas å få med ein sølvmedalje heim til Sogn og Fjordane.
TESTA KUNNSKAPEN
William Tveita fekk bryne seg på skifte av registerreim, førstegangservice og problem med motorstart i klassen bilfag, lette køyretøy. Til vanleg er han lærling hos Bilhuset Førde. I klassa til William var det 14 andre deltakarar, og små poengmarginar mellom deltakarane. Han endte til slutt på ein 5. plass etter ein god jobb.
Det er ei kjekk, og ganske intens oppleving for deltakarar og dommarar. Med tre hektiske dagar og mykje å lære er det verdt å prøve det om du får sjansen!