Draumen er å bli ein god mekanikar
Daniel Langeset, Isak Rundereim og Geir Magne Erdal • lærlingar – tunge køyretøy • Trucknor Sogn og Fjordane
Daniel Langeset, Isak Rundereim og Geir Magne Erdal • lærlingar – tunge køyretøy • Trucknor Sogn og Fjordane
Dei blei alle introduserte for skruing av bil frå ung alder, fortel Daniel Langeset (18), Isak Rundereim (19), og Geir Magne Erdal (25). Det har påverka yrkesvalet når dei no er lærlingar innan tunge køyretøy på Trucknor Sogn og Fjordane si avdeling i Stryn.
Her er ingen dagar like, seier Daniel Langeset.
Eg har vakse opp i ein bil-familie, så interessa for å skru har vore der frå oppveksten. Faren min har ein verkstad for lette køyretøy, og det har alltid vore planen å bli mekanikar. Då eg kom på skulebenken blei eg kjent med tyngre køyretøy og kva det hadde å tilby, så eg søkte om å ta læretida på det faget. Til slutt fekk eg tilbod om læreplass her på Trucknor, seier Daniel.
LIKAR BEST GAMLE BILAR
Miljøet for å skru på bil er ikkje så stort i Selje, så eg flytta til Stryn der det er større, seier Isak. Eg har allereie eit fagbrev i industrimekanikarfaget. Som industrimekanikarar jobbar eg med maskiner i industrien. Då eg flytta til Stryn blei eg kjent med Trucknor, og no er eg i gang med mitt andre fagbrev – denne gongen på tunge køyretøy, smiler ungdommen frå Selje.
KOPLE SAMAN HENDER OG HOVUD
Eg likar at ingen dagar er like, seier Geir Magne. Vi har arbeid på service, EU-kontroll, vedlikehald og reparasjonar når det trengs. Det kjekkaste er dei oppdraga der det tar fleire dagar å gjere ein reparasjon på eit køyretøy. Då får vi verkeleg utfordra oss, og testa ut kunnskapen vi har. Det er mykje samarbeid på arbeidsplassen. Det kan vere arbeid der vi treng å vere fleire hender for å gjere eit oppdrag, eller at vi må slå fleire kloke hovud saman for å løyse eit problem, skyt Daniel inn.
EIN JOBB FOR ALLE
Det er framleis mange som tenker at ein må vere fysisk sterk for å vere mekanikar. No har vi tilrettelagte verktøy ved tunge oppdrag. Så lenge ein har interesse for å skru vil dette vere ein kjekk jobb for deg. Vi har kollegaer med stor variasjon i alder. Dei erfarne har god kunnskap, og kan gi gode råd til oss lærlingar, medan vi kjem inn med eit ferskt blikk, seier Isak.
Draumen er å få fagbrev og bli ein god mekanikar. Etterkvart vil vi ta fleire kurs for å bli enda betre på det vi gjer, avsluttar dei tre.