Intenst og spennande med yrkes-NM

Geir Asle Kvamme, Toyota Sogn deltok i faget lette køyretøy

Bli lærling i bilbransjen
Geir Asle Kvam - yrkes NM

Yrkes NM gjekk av stabelen i Kristiansand, siste veka i september i 2022. Geir Asle Kvam (21) frå Luster var den einaste frå Sogn og Fjordane som deltok i faget lette køyretøy. Eg vart oppfordra av opplæringskontoret og Øystein Ruud her på Toyota Sogn, så då heiv eg meg med.

Eg vart nummer 6 av totalt 11 konkurrentar og er veldig godt fornøgd med det, smiler Geir Asle, som jobbar som bilmekanikar hos Toyota Sogn på Kaupanger. Eg har hatt fast jobb her sidan eg var ferdig med læretida for 1 år sidan.

Intense konkurransedagar
Norgesmesterskapet i bilfag gjekk over tre dagar og var ei veldig kjekk oppleving, fortel den unge Lustringen – men og ganske intenst. Vi hadde 45 minutt på kvar stasjon og nokre av oppgåvene var så omfattande at det var umogleg å rekke alt. Oppåvene gjekk ut på alt frå feilsøking på det elektriske til å demontere motor. Vi måtte gjere ulike målingar på motoren for å søke etter og påpeike feil.

Lærerikt og sosialt

Eg kom borti litt nytt utstyr og måtte feilsøke ein del ting eg ikkje er vand med. Det var litt stress, men veldig lærerikt å vere med på, og så er det jo alltid kjekt å komme seg på tur.

Dessutan var det kjekt å møte andre ungdommar som er bilmekanikarar, og få høyre korleis dei jobbar.

Har alltid skrudd

Geir Asle fortel at han alltid har vore interessert i mekaniske ting, og med ein far som er bilmekanikar var faget eit naturleg val. Eg har alltid likt å skru frå kvarandre og sette saman ting, og sjølv om det er mindre skruing på nye bilar – så er det ein sikker jobb. Toyota Sogn på Kaupanger er ein kjekk arbeidsplass, med varierte oppgåver og kjekke kollegaer, så her vil eg gjerne fortsette framover. Men til Yrkes NM meiner han nokre andre får reise neste gong.

Det var både spennande, kjekt og lærerikt – så det kan anbefalast!