Orientering til ny lærling
Kontrollskjema info til lærling (nedlasting starter automatisk)
Vurdering undervegs
I «opplæringsforskrifta» kan vi lese:
§ 9-11.Undervegsvurdering i fag
All vurdering som blir gjord før opplæringa er avslutta, er undervegsvurdering. Undervegsvurderinga i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og ho skal tene til å fremje læring, auke kompetansen i faga og gjere opplæringa betre tilpassa den enkelte. Undervegsvurderinga kan vere munnleg, skriftleg eller begge delar.
I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar
a. delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling
b. forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei
c. få vite kva dei meistrar
d. få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin
Skjema for eigenvurdering og bedriftas vurdering er integrert i systemet MinLogg, som alle lærlingane nyttar.
Lærlingen og bedrifta lagar kvar si vurdering av lærlingen.
Opplæringslogg
Bilbransjens i Sogn og Fjordane har utvikla eigen opplæringslogg, denne finner du her: MinLogg
Kva er formålet med loggen?
- Sikre at lærlingen når alle kompetansemåla.
- Lærlingen blir godt kjent med innhaldet i læreplanen.
- Lærlingen, bedrifta og opplæringskontoret ser kva som manglar av øving, og kan saman finne arbeid som støttar alle læreplanmåla i faget.
- Lærlingen får dokumentert kva han/ho har jobba med i læretida, dette er spesielt viktig dersom det blir endring i læreforholdet.
- Lærlingen ser kva som manglar, og kan be om meir øving.